Bruktmarknad og systove
Øydelagde klede? Utstyr til overs? Kanskje du treng noko andre vil bli kvitt?
Friluftsliv-bruktmarknad torsdag (La Pergola):
Som friluftsmenneske har vi eit ansvar for å bevare naturen vi ferdast i. Her har du ein gylden moglegheit til å handle friluftsutstyr du treng, utan dårleg samvit.
Marknaden finn stad 21. februar frå 16 til 19.00 på La Pergola (Quality Hotel Sogndal).
Alle er invitert - også dykk som ikkje har festivalpass. For dykk som ikkje har moglegheit til å komme, kan vi selje utstyret for dykk til prisar de sjølv bestemmer. Det vil vere mogleg å levere utstyr til oss på hotellet frå klokka 12 onsdag under festivalen.
Systova (ved sekretariatet):
Har du hatt eit uheldig møte med eit tre i skogen? Eller har du kanskje vrikka litt for mykje på hoftene på Dalalåven? Fortvil ikkje, systova er til for deg som ikkje har ei nevenyttig bestemor i nærleiken. Du kan levere klede ved resepsjonen mellom kl. 16 og 19 kvar dag. Vi vil vurdere om skaden er noko vi kan fiksa. Kan vi det, fikser vi kleda til dagen etterpå.