Barnas Fjellsportfestival

06.03-07.03

2027

Velkommen til Barnas Fjellsportfestival!

Gjer dykk klare for ein dag fylt med snø, leik og ekte vinterglede! ❄️⛷️


Under Barnas Fjellsportfestival inviterar vi små og store til ein aktiv og morosam helg i bakken, med alt frå aking og leik til konkurransar, skattejakt og dans. Her blir det fart, spenning og latter heile dagen – anten du likar å suse ned akebakken, jakte på skattar i snøen eller danse deg varm etter ein lang dag ute. Ta med familie og vener, kle dykk etter veret og bli med på ei oppleving de seint vil gløyme!

Alle aktivitetar er gratis, men hugs at nokre aktivitetar krev heiskort.

Program for barn Laurdag: 2026

Aking

Tid: Heile dagen

Stad: Akebakken

Info: Akebakken står preppa og klar til å ta imot alle vinterglade barn og vaksne under heile festivalen. Hugs å ta med hjelm!

Rebus

Tid: Heile dagen

Stad: Rundt dalalåven

Info: Under heile festivalen vil det vere moglegheit for å delta på rebusen. Hent svarark ved fjellsportsteltet ved kids corner og bli med i trekninga av fine premiar søndag klokka 14 etter hoppkonkurransen.

Kids corner (barnas hjørne):

Tid: 10:00-14:00

Stad: Rindabotn

Info: I teltet til Barnas Fjellsport vil det vere moglegheit for ansiktsmaling og andre små aktivitetar som ringspel og tautrekking. Det vil også bli fortalt eventyr om fjellsportgeita.

Skikurs og leik:

Tid: 10:30-12:45, oppstart 10:30/11:15/12:00 (Kom når du ønsker!)

Stad: Oppmøte nedst i barnebakken i Rindabotn (sjå etter ein med fargerik T-skjorte).

Info: Vil du vere med å leike deg betre på ski? Dette passar for deg som kan ploge på ski ,og som ønskjer å få til nokre fine svingar i bakken.

Passer for: 4-12 år.

Ferdighetsnivå: Kan ploge

Ta med: Skipass, skiutstyr, hjelm, klede etter veret.

Alpint fjellsportrace

Tid: 12:30-14:00

Stad: Barnetrekket

Info: Portkøyring i barnebakken! Elskar du konkurranse? Vi set opp ei løype for slalåmsvingar og tek tida på deg om du har lyst! Alle deltakarar får startnummer og premie. Fart, spenning og ekte slalåmstemning ventar!

Snøballkrig

Tid: 13:30-14:30

Stad: Mellom barnebakken og akebakken

Info: På laurdag klokken 13:30 blir det snøballkrig ved barnebakken! Her blir det fart og spenning og mykje moro. Vi deler inn i to lag som konkurrerer mot kvarandre, i ei bane med ulike hinder. Møt opp i Rindabotn for å ha det morosamt, ta gjerne med vener og familie. Hugs hjelm og slalåmbriller! Tek du utfordringa?

Skliskyting

Tid: 10:30-12:00

Stad: Akebakken

Info: Du har kanskje høyrt om skiskyting? I Barnas fjellsportfestival køyrer vi ein vri med å skli på akebrett i staden for å gå på ski. Tek du utfordringa? Møt opp i akebakken på ski høgre for barnebakken for å delta.

Barnedisco

Tid: 14:00-15:00

Stad: Rindabotn

Info: På slutten av dagen vil det vere musikk i teltet i botnen av barnebakken! Her blir det diskolys, og energifylte og glade songar som gjer at ein får lyst til å danse. Barnedisco er for både vaksne og barn. Her får ein moglegheit til å danse og ha det gøy saman med andre etter en lang dag i bakken!

Program for barn søndag: 2026

Aking

Tid: Heile dagen

Stad: Akebakken

Info: Akebakken står preppa og klar til å ta imot alle vinterglade barna og voksne under heile festivalen. Hugs å ta med hjelm!

Rebus

Tid: Heile dagen

Stad: Rundt Dalalåven

Info: Under heile festivalen vil det vere moglegheit for å delta på rebusen. Hent svarark ved fjellsportteltet ved kids corner og bli med i trekninga av fine premiar søndag klokka 14 etter hoppkonkurransen.

Kids corner (barnas hjørne):

Tid: 10:00-13:00

Stad: Rindabotn

Info: I teltet til Barnas Fjellsport vil det vere moglegheit for ansiktsmaling og andre små aktivitetar som ringspel og tautrekking. Det vil også bli fortalt eventyr om fjellsportgeita.

Skikurs og leik:

Tid: 10:30-12:30, oppstart 10:30/11:15/12:00 (Kom når du ønskjer!)

Stad: Oppmøte nedst i barnebakken i Rindabotn (sjå etter ein med fargerik T-skjorte).

Info: Vil du vere med å leike deg betre på ski? Dette passar for deg som kan ploge på ski, og som ønskjer å få til nokre fine svingar i bakken.

Passar for: 4-12 år.

Ferdighetsnivå: Kan ploge

Ta med: Skipass, skiutstyr, hjelm, klede etter veret.

Capture the flag

Tid: 10:30-12:00

Stad: Mellom barnetrekket og akebakken

Info: På søndag har du moglegheita til å vere med på ein spennande og morosam leik. Klokka 10:30 blir det arrangert leik ved barnebakken! Her blir det fart og spenning og mykje moro. Vi deler inn i to lag som konkurrerer mot kvarandre om å gjere å ta flagget til motsett lag. Møt opp i Rindabotn for å ha det morosamt, og ta gjerne med vener og familie. Hugs hjelm og slalåmbriller! Tek du utfordringa?

Hoppkonkurranse

Tid: 12:30–14:00

Stad: Barnetrekket

Info: På søndag klokken 12:30 brakar det laust med hoppkonkurranse! Vi skal lage eit stort og eit lite hopp, orgeltramp og kuleløype. Dette er ein aktivitet for alle - ta med dei skia du har. Det blir musikk, god stemning og premiar til alle som deltek!

Aktivitet på flata/curling på akebrett

Tid: 13:00–14:00

Stad: Nedanfor akebakken

Info: Klokka 13:00 kan du vere med på ake-curling. Vi markerer ein type blink på flata, det er lag som skal sende ein person på eit rundt akebrett mot blinken, også er det om å gjere å kome nærast midten!

Skattejakt

Tid: 13:30-14:30

Stad: Bakom Dalalåven

Info: I år kan du vere med på skattejakt! Finn fram piraten i deg, og bli med på leiting etter skatten som ligg grave ned i snøen. Finn du skatten?