Tryggleik

Fjellsportfestivalen er ein arena som tilbyr alle typar vinteraktivitet, både for born, vaksne born, ekstremsportutøvarar, nybegynnarar, erfarne fjellfolk, galne fjellfolk og vinterentusiastar generellt. Vårt mål er at alle som er med på festivalen skal oppleve aktivitetane som trygg og ansvarsfull uansett nivå. Difor velger Fjellsportfestivalen å ha eit stort fokus på tryggleik, både i form av konkrete tryggleikstiltak under aktivetetar, men også som ein pådrivar for å spre kunnskap om trygg ferdsel i fjellet.

Dette arbeidet hadde ikkje vore mogleg utan vårt gode samarbeid med lokale tindevegleiarar, Røde Kors og Skredgruppa, Skipatruljen, Sogndal Skisenter, Sogndal kommune, Politiet, Sivilforsvaret og ikkje minst frivillige som stiller opp for at du skal få ein trygg og god festival.

Under finn du vårt eigenerklæringsskjema som vil bli fylt ut og signert ved ankomst til festivalen. Alle med festivalpass og som deltek på Fjellsportfestivalens arrangement skal vere kjend med dette dokumentet. 

I tillegg finn du Fjellsportfestivalen sitt Tryggleiksdokument, med beredskapsplan og alt du treng å vite om tryggleik under våre arrangement. Dokumentet er ikkje oppdatert for alle arrangementa under Fjellsportfestivalen 2019, då dette er under utarbeiding fram til januar.9