Billettinformasjon

Festivalpass kan kun hentast ut på Quality Hotel Sogndal, i åpningstidene til sekretariatet.

Tapte eller unytta billettar vert ikkje refundert. Det same gjeld for festivalband. 

Åpningstider sekreteriatet på hotellet

Utsolgt for 2024

Ledsagerbevis

Alle som har ledsagerbevis, kan få med seg ein følgeperson på festivalen. Følgepersonen må ta kontakt på førehand og hentar armbandet til festivalen i sekretaiatet på Quality Hotel Sogndal, saman med følgepersonen.

For spørsmål, ta kontakt med oss.

Standard kjøpevilkår ved kjøp av festivalpass

1. Billetten
1.1 Tilgang på arrangement
Billetten kan ikkje kopierast eller brukast meir enn ein gong. Kjøpar er sjølv ansvarleg for at billetten er gyldig og mogeleg å lesa av/skanne.

1.2 Aldersgrense
Vi gjer merksam på at kveldsarrangement etter kl. 22.00 på Quality Hotel Sogndal har 18-års aldersgrense (Eppel bar har 20 års aldersgrense). Aldersgrensa på 18 år, gjeld også for afterski i Dalalåven. Legitimasjon må takast med og visast fram når ein kjem, både for å hente ut festivalpass og på ulike arrangement på hotellet/Dalalåven.  

Kjøpar av festivalpass eller anna billett til festivalen, er sjølv ansvarleg for å gjere seg kjent med gjeldande aldersgrense. Kjøpte billettar vert ikkje refundert dersom kjøpar/deltakar ikkje oppfyller aldersgrensa. 

1.3 Overdraging av billett
Billetten kan overførast/seljast til andre. Kjøpar skal vere inneforstått med at det er forbode å selja billetten vidare til ein høgare pris enn ordinærpris. Kjøpar pliktar også å vidareformidla relevant informasjon om arrangementet. 

1.4 Kommersielle føremål
Billetten kan ikkje nyttast for kommersielle formål. Dersom billetten vert nytta til kommersielle føremål, har arrangør rett til å kansellera den aktuelle billetten utan refusjon av kjøpesum. 

1.5 Tap av billett
Billetten er som eit verdipapir. Tapte eller unytta billettar vert ikkje refundert. Det same gjeld for festivalband. 

1.6 Angrerett
Det er ikkje angrerett på kjøp av billettar. 

2. Endring og avlysing
2.1 Endra tidspunkt
Arrangør har rett til å endra tid og dato for arrangement. Ved endring av tid og/eller dato vil billetten vera gyldig for nytt tidspunkt.

2.2 Endring av plassering
Arrangør har rett til å endra plassering av arrangement. Slik endring skal likevel ikkje vera lengre en 30 minuttar med kollektivtransport frå opphaveleg plassering.

2.3 Endring av innhald
På arrangement med ulike innslag, har arrangør rett til å endra eller avlysa enkelte av desse arrangementa/innhaldet. Det blir ikkje sett på som avlysing med mindre alle arrangementa/heile innhaldet blir avlyst.

2.4 Avlysing
Arrangør tek atterhald om retten til å avlysa arrangement. Ved avlyst arrangement (heile arrangementet), blir billetten refundert. Billettavgift vert ikkje refundert. Ved avlyst arrangement har kjøpar ikkje høve til å fremja andre krav enn refusjon etter denne føresegna.   

3. Force Majeure (hendingar som ingen kan kontrollere, og som er vanskeleg å føresjå.)
3.1 Situasjonar som utgjer force majeure
Force majeure er hendingar som ingen kan kontrollere, og som er vanskeleg å føresjå. Det er ekstraordinære situasjonar som ligger utanfor arrangøren sin kontroll og som i vesentleg grad gjer det tilnærma umogeleg å gjennomføre arrangementet eller oppfylle andre plikter/avtalar. Døme på situasjonar som utgjer force majeure er (ikkje uttømmande liste) orkan, tsunami, krigsutbrot, terrorangrep, pandemi, epidemi, brann, streik, samfunnstrugslar som inkludera restriksjonar, pålegg, anbefalingar eller liknande frå styresmaktene, landesorg, flaum, storm og naturkatastrofar.

3.2 Verknaden av force majeure
Ved force majeure vil arrangøren sine forpliktingar ovanfor billettkjøpar falla bort, dette gjeld mellom anna arrangøren sitt ansvar for gjennomføring av arrangementet, kjøparen sin eventuelle rett til refundering av billettpris samt billettavgift, erstatning eller prisavslag. Kjøparen kan heller ikkje fremja andre krav mot arrangøren. Dersom arrangementet ikkje kan gjennomførast grunna restriksjonar frå styresmakta, t.d. knytt til covid19-virus eller andre pandemiar eller sjukdommar, blir dette sett på som ein force majeure-situasjon.

3.3 Varsling
Dersom arrangøren vil påkalle seg force majeure skal kjøpar varslast om dette utan ugrunna opphald. Varsel skal sendast til e-postadresse oppgitt ved kjøp av billetten. Dersom kjøpar ikkje har registrert e-post adresse i samband med kjøpet, fell varslingsplikta til arrangør vekk. Kjøpar er sjølv ansvarleg for å orientere seg om varsel sendt på e-post. 

4. Andre reglar
Kjøpar er forplikta til å følgja reglar som gjeld alkohollova, smittevernlov mv. og dei reglane og pålegg som gjeld tryggleik og orden ved arrangementet. Ved brot på interne og eksterne lovar og reglar, har arrangør rett å bortvisa kjøpar frå arrangementet utan refusjon av kjøpssummen.

5. Personvern
I samband med kjøp og sal av festivalpass/billetar, må arrangør nødvendigvis handsama og lagre kjøpars personopplysningar. Dette er også relevant for å nå ut med opplysningar om t.d. endringar i arrangementet. Grunnlaget for handsaminga av personopplysningane er avtalen mellom kjøpar og arrangør, inkludert kjøpsvilkåra. Arrangør si handsaming av personopplysningar skal til ei kvar tid følgje personopplysningslova og EU si generelle personvernforordning (GDPR). Billettleverandøren vert brukt som datahandsamar av arrangør for å gjennomføre handsaminga av personopplysningane etter gjeldande regelverk. Meir informasjon om arrangør si handsaming av personopplysningar er tilgjengeleg i arrangøren si personvernerklæring (link). 

Billettleverandøren kan også ha sitt eige grunnlag for handsaming av kjøpar sine personopplysningar, der billettleverandøren vil vere ansvarleg. Arrangør vil på det sterkaste anbefale at kjøpar gjer seg kjent med billettleverandøren si personvernerklæring eller tek kontakt med billettleverandøren for meir informasjon om deira handsaming av personopplysningar. 

6. Lovval og tvisteløysing
Kjøpsvilkåra skal tolkast og regulerast i samsvar med gjeldande norsk rett. Eventuelle tvistar mellom kjøpar og arrangør knytt til kjøpsvilkåra skal avgjerast ved alminnelege norske domstolar, inkludert forliksråd. Søksmål skal i slike tvistar reisast for arrangøren sitt verneting.

Alle deltakarane på arrangementet skal ha lese og gjort seg kjend med kjøpsvilkåra og eigenerklæringa, som er tilgjengeleg på arrangøren si heimeside. I tillegg skal kjøpar gjere seg kjent med arrangøren sine tryggleikstiltak og godkjenne den risikoen som nokon av arrangementa kan omfatte (Oppdatering kjem HER).