Om Fjellsportfestivalen

Fjellsportfestivalen vert arrangert årleg i Fjellsporthovudstaden Sogndal midt i hjartet av fjell- og fjordnoreg.

Med bratte fjell, djupe dalar, nydelige fjordar og snørike vintrar er Sogndal den ultimate plassen å drive fjellsport – året rundt! Fjellsportfestivalen syner fram bygdi sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Festivalen skal inspirere, motivere, utdanne, underhalde, utfordre, samle og engasjere dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.

Fjellsportfestivalen er arenaen for utveksling av erfaring og kunnskap knytt til utøving av fjellsport vinterstid, gjennom god formidling og sosiale møteplassar.

Historie

Fjellsportfestivalen AS er eit ideellt selskap eigd av entusiastar som ønsker å skape lokal entusiasme og utvikling.

Selskapet blei starta i 2008, og har vore eigd av Bratt Moro fram til våren 2017. Selskapet starta med å arrangere Fjellsportfestivalen, etter det har det blitt fleire festivalar, nasjonale og internasjonale konferansar, konkurransar, seminar, bygging av parkeringsplasser og teknologi og lokalsamfunnsutviklingsprosjekt. Vi har jobba i nettverk frå dag 1 med store og små reiselivsaktørar, frivillige organisasjonar, Sogndal Fotball, små gründerverksemder, kommune, fylkeskommune og stat, og gjennomført prosjekt innanfor Bulystprogrammet, reiselivsutvikling, medieutvikling og lokalsamfunnsutvikling.

Fjellsportfestivalen AS er no eit eige selskap med mål om å halde fram arbeidet med å marknadsføre Sogndal som eit sentrum for friluftsliv og vintersport, samt skape bulyst i regionen gjennom ulike arrangement, festivalar og i samarbeid med lokalt næringsliv.

Eldsjelene og sponsorane våre er fundamentet i alt vi driver med, utan desse stoppar Sogndal!

Fjellsportfestivalen i media

 

Tidenes tetteste festivalprogram

 

Friflyt (08.01.2018)

Kjempeføre til Sogndal Freeride

Friflyt (09.01.2018)

 

Ragnhild tek over stafettpinnen

Sogn avis

Rekordfestival i Sogndal

Friflyt

 

Fjellsportfestivalen

Friflyt

Torsdag blir desse fjellsidene skiarena

NRK