Fjellsportfesivtalen

historia vår

Me har alltid vore drive av folk som ønskjer å skapa lokal entusiasme og utvikling.

Fjellsportfestivalen blei starta i 2008, og har vore eigd av Bratt Moro fram til våren 2017. Selskapet starta med å arrangera Fjellsportfestivalen, og etter det har det blitt fleire festivalar, nasjonale og internasjonale konferansar, konkurransar, seminar, bygging av parkeringsplassar/teknologi og lokalsamfunnsutviklingsprosjekt.

Me har jobba i nettverk frå dag ein med store og små reiselivsaktørar, frivillige organisasjonar, Sogndal Fotball, små gründerverksemder, kommune, fylkeskommune og stat, og gjennomført prosjekt innanfor Bulystprogrammet, reiselivsutvikling, medieutvikling og lokalsamfunnsutvikling.

Fjellsportfestivalen er no under selskapet Sogndal Fjellsport AS, eit selskap med mål om å halda fram arbeidet med å marknadsføra Sogndal som eit sentrum for friluftsliv og vintersport, samt skapa bulyst i regionen gjennom ulike arrangement, festivalar og i samarbeid med lokalt næringsliv.

Engasjert, ekte og leiken får me det til!

Eldsjelene og samarbeidspartnarane våre er fundamentet i alt me driver med, utan desse stoppar Sogndal opp!