Fjellsportfestivalen 2021 - Fjellsport i Dalen

IMG_3120+%281%29.jpg

Fjellsport i Dalen

Fjellsportfestivalen har gleda av å ønske velkomen til ein anleis fjellsportfestival i år. I år vert festivalen ein lokal festival for alle alderstrinn med kjekkje (smittevernvenlege) aktivitetar og konkurransar rundt om i dalen vår, gjennom heile vinterferieveka i Sogn.

Gledespatruljen vil dukke opp rundt om i dalen og spreie glede og dele ut varm saft. Kanksje står dei ved bilen din når du kjem ned att frå topptur?

Programmet vert annonsert snart…

Fjellsportfestivalen blir i år Fjellsport i Dalen og vi gledar oss til vere saman med teleskopstavane stilt inn på ein meter.

Skulle du ønske du kunne vere med, men bur for langt borte? Frykt ikkje, du kan vere med frå der du held til!

Vi vil gjerne inkludere alle våre trufaste langreisande til festivalen, men denne gongen gjennom aktivitetar og konkurransar på sosiale media. Med dette vil vi spreie gleda med ski og fjell på våre sosiale plattformar, slik kan alle som hadde tenkt å kome til Sogn og feire med oss også få vere med i dette anleis-året. Så følg med på instagram, facebook og heimesida vår!

Vi gledar vi oss til å sjå bileta og håpar alle vil vere med på våre sosiale plattformar, så satsar vi på eit heidundrande comeback neste år!


foto+Mikel+Gonsholt_RakkarOpen_LowRes-03054.jpg


Forrige
Forrige

Sogndal Turlag på Fjellsportfestivalen 2021

Neste
Neste

FJELLPITCH 2021