Gledespatruljen på Britabu

Er du og familien din på veg opp til Høgehaug og treng ein pust i siste bakken?

Gledespatruljen er i farta og på søndag finn du dei på Britabu!

Fjellsportfestivalen serverer vaffel, kaffe og saft på Britabu. Så er du på veg til Høgehaug, frå Høgehaug, eller frå topptur på Blåfjell, legg turen innom Britabu for litt fjellsportglede.

Gledespatruljen i farta. Bilete er teke 2018.

Gledespatruljen i farta. Bilete er teke 2018.

Uteservering frå 11-14.

Serveringa er gratis, men vi oppmodar til å vippse ein frivillig slant til Sogndal Røde Kors Hjelpekorps som takk for den frivillige innsatsen dei gjer for fjellglade folk i bygda.


NB. Vi tar forbehold i tilfelle dårleg vær. Beskjed vil bli lagt ut på Facebook/nettsidene til FSF i tilfelle avlysning.

Forrige
Forrige

Kloke ord frå Tryggleik- og smittevernsansvarleg

Neste
Neste

Sogndal Turlag på Fjellsportfestivalen 2021