I år blir det afterski på Dampskipkaien

fjellsport-afterski.jpg

Det gamle sukkerlageret blir forvandla til tidenes afterski. Nærmare fjorden kjem du ikkje!

På kaien i fjørao ligg Dampskipskaien klar til å huse øltørste og skryte-svoltne festivaldeltakarar. Vi har bygga om det gamle sukkerlageret vegg i vegg med Dampskipkaien, og har større kapasitet enn nokon gong. Fredag og laurdag arrangerer vi den beste afterskien Sogndal har sett!

Afterskien er open for dei med festivalpass, eller dei som kjøper billett i døren. Pris i døren er 120,-. Det vert ekstremt hyggelege ølprisar - og sal av nydeleg mat kokkelert av Kevin på kaien.

Nemnte vi at den originale DJ DAN kjem? Vi kan ikkje røpe alt kring planane enno, men meir informasjon kjem snart.

Følg med, for jubileumsafterskien skal ein ikkje kimse av!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fjellsportfestival for barn

Neste
Neste

Endeleg er alle foredragshaldarane på plass