Kinesisk utfor - Ein klassiker er attende
Mange har undra seg på kva me ynskjer å markere jubilanten med, og no er det endeleg klart. Det blir ynskjereprise av verdas farlegaste og artigaste konkurranse - nemleg Kinesisk utfor!
Studentorganisasjonen “Lurkarlaget” har sagt seg villig til å arrangere galskapen, og vonar det blir rekordoppmøte i år.
-Det er så mange skrøner og legender som har blitt til under denne konkurransen tidlegare at me berre måtte få eit come back i år, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett. Likevel kan ein nok ikkje stikke under ein stol at Kinesisk Utfor fekk nokre pauseår fordi det gjekk litt hardt for seg på slutten. Det blir difor lagt til 50m fiskebein på starten, slik atfeltet får litt spredning før dei sett utfor bratta. Tryggleiken må tross alt stå i høgsetet her.
Kinesisk utfor arrangeres samstundes som RindaRando - ein nykommar på programmet. Starten for Kinesisk Utfor går nemleg 15 minutt etter starten på RindaRando, nede i målområdet. Med det er alt duka for ein ordentleg publikumsfest!
“Berre kjøyr fyst du - eg venta nie”
10 år med Fjelsportfestivalen!