Sjekk ut kva dei ulike leverandørane har med seg

Rindabotn.VeronicaFossHillestad-3.jpg

Under Fjellsportfestivalen får vi besøk av ulike leverandørar av ski- og sportsutstyr. Er du interessert i neste års nyhende, har lyst å prøvekøyre nokre breiare plankar eller berre har lyst å slå av ein prat med andre som er over gjennomsnittet interessert i godt utstyr er det her du må gå. Du kan finn dei både i Rindabotn og i lobbyen på hotellet.

Amer sport

Til Rindabotn har Amer Sport med seg Salomon frikjøringsski, QST 92, 99, 106 og 118. Frå Atomic har dei med seg Backland 107, 117, Bent Chetler 100 og 120 for testing.

I lobbyen på hotellet kan du sjekke ut neste års modellar av Backland ski, Hawx Ultra og Prime XTD støvlar, saman med Salomon nye skiserie STANCE og nye Shift Pro støvler.

K2

K2 stiller med testing av denne vinterens nyhende, Mindbender-serien for både damer og herrar. I tillegg vert det muligheit til å testa neste års nyhende, Reckoner, som er ein serie på 3 ski i kategorien BC Jib og fins i midtbreiddene 102, 112 og 122mm. Elles er toppturskiene Wyaback og Talkback med i ny forkledning.

 Line er med i stallen og her er ei helt ny ski som heiter Blade, ei brei carver som ikkje fins makan til hjå nokon andre skimerke. Dette er ei ski som MÅ opplevast og VIL bringe fram smil og latter. K2 anbefaler også folk å komme innom å prøva Vision skia. Dette er ei lettare frikøyringsski som legg seg nær vekta på tradisjonelle toppturski men ei heilt anna køyreoppleving.

Nyhende for damene er Pandora 110 som veg inn på 1500 gram i 170 cm, det er ganske leikent.

7 Blåner

7 Blåner stiller med eit utval av Dynafit sko. Hjå dei kan du sjå Hoji Free og Pro (dame og herre) og TLT 8. 

Dei har også med seg skia G3 og Dynafit. Det vert ei blanding av årets ski og neste års nyhende frå Dynafit. Du finn blant anna Backlight-serien og Swift-modellane frå G3 som er tilpassa born og mindre løparar.

Tendenzer

Tendenzer tek med seg dei viktigaste nyhenda på standen på hotellet. Quantum, Duke PT, Blaze 106 og 94 til både dame og herre og den nye Rise-serien til dame og herre.

I Rindabotn kan du sjekke Revolt 121 og 104, Blaze 106 og 94.

SGN

SGN fyller demo-tilhengaren med sesongen sine nyhende og køyrer skidemo i Rindabotn heile Fjellsportfestivalen! Frå torsdag til laurdag er SGN på plass slik at du skal få testa ditt nye skipar fra SGN. Vêrgudane er med oss, så dette blir ein god moglegheit til å testa breie ski for djup snø.

Forrige
Forrige

Sjå bilete frå onsdag

Neste
Neste

Sogndal Freeride er AVLYST