Ei veke til festival!

DampskipkaiaOpen_2018_Brynjar_Tvedt27.jpg

Om ei veke brakar det laus! Vi sparkar i gong festivalen med ein skikkeleg opningssermoni på Dampskipskaien!

Vi har fått Arnstein Menes, ordføraren for nye Sogndal kommune til å sei nokre velvalde ord. Charlotte Hjelmeland, kjend frå The Voice, skal syngja nokre vakre tonar og ikkje minst vil Frisklivssentralen servere mat til dei frammøtte.

På tradisjon vis vert det også i år konkurranse!

Sjøspretten/Lurkarlaget arrangerer DØDSEKONKURRANSE!

Planen er at alle deltakarane blir heist opp i ein lift med god nok plass til å kunne ta fart. Alle deltakarane får to hopp kvar, og har moglegheita til å halde varmen i ein oppblåsbar jacuzzi mellom hoppa. Det vert sjølvsagt kåring av beste dødsar, og dette vil skje ut frå ein kombinasjon av triks og underhaldningsverdi. 

Dette vert artig både for deltakarar og tilskodarar -  så møt opp, ta med alt de har av vener og familie, og bli med på showet!


Forrige
Forrige

LAUSSNØALARM

Neste
Neste

White Man Dancing