Skal du på POW-foredrag? Last ned app

pow-bilde.jpg

Vi ønskjer deltakelse frå publikum, så vi tar i mot spørsmål via app undervegs i foredraget.

Ha med deg nyopplada telefon, så kjem alle instruksar i starten av foredraget.

Om foredraget “Den siste alpeturen?”:

I januar i år reiste eg og fem kompisar til Alpane, men til tross for ein heil månad med fantastisk pudderkøyring lurer eg på om dette vart min siste alpetur. Eventuelt om eg må ta grep før eg skal begi meg ut på ein slik tur igjen.

For kva har eigentleg ein alpetur å seie for mitt klimagassutslepp? Kva kan eg gjere for å redusere dette utsleppet og kan eg eventuelt ta grep i kvardagen for å kompensere for ein slik tur?

Foredragshaldar: Ørjan Kongsvik Aall, sogning, grunnleggar av POW Norge og klimarådgivar i Sweco.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vi har fått vår eigen festivallåt!

Neste
Neste

Afterski på Dalalåven? Vi er i gang frå kl 15.30