Rekordoppmøte på Skredkveld

 Stinn brakke under Skredkveld. Foto: Øyvind Sætra

Stinn brakke under Skredkveld. Foto: Øyvind Sætra

Sogndals storstove, Sogndalssalen på Quality Hotell, var booka for årets Skredkveld i regi av Fjellsportfestivalen, Sogndal Skisenter, NVE, Statens Vegvesen, Høgskulen på Vestlandet, FriFlyt, Norgesguidane, Røde Kors og Skredgruppa. Det blei likevel ikkje plass nok til alle 450 oppmøtte, som ønska å friske opp og oppdatere eigen skredkunnskap før årets skisesong. 

Fjellsportfestivalen synes det er flott å sjå at det er så stor interesse rundt tryggleik i fjellet og skredproblematikk. Dette syner ei endring hjå folk som me har sett over fleire år. Skientusiastar ynskjer å være god til å gå på tur og auke kompetansen sin. Sjølv om dette kun var ei kort innføring i kva ein bør tenkje på, vonar me at Skredkvelden har minna folk på dei viktigaste tinga: 

  • Sjekk skredvarselet før du legg ut på tur og lær deg kva som er det gjeldande skredproblemet nett no. 
  • Planlegg tur ut frå dei gjeldande snøforholda. 
  • Ta alltid med spade, skredsøkar og søkestang på tur og sjekk at skikameraten din har gjort det samme. Fellar er også obligatorisk, sjølv ved heisbasert skikjøyring.
  • Ved skredhendingar - ring 112. Ein bør også varsle dersom det gjekk bra!
  • Øv på kameratredning! Dette er kunnskap som må oppfriskast jevnleg. Ein god syssel å drive med i romjula!

Fjellsportfestivalen takkar for ein flott kveld, og ynskjer velkommen tilbake for ny kunnskap neste år! 

Takk også til vår trufaste sponsorar Intersport Sogndal og Helly Hansen for flotte premiar til kveldens konkurransar. 

Her kan du sjå kva Sogn Avis skreiv om Skredkvelden (for abonnentar):  

http://www.sognavis.no/siste-nytt/nyhende/stappfull-skredkveld 

AktueltRagnhild Fagerslett