Skidemo i Rindabotn
Det er klart for ein av noregs aller største skiutstyrsdemoar i Rindabotn! Mellom kl 11.00 og 15.00 på fredag og laurdag i festivaluka vil våre mange ski- og utstyrsleverandørar stille med mykje spanande demoutstyr som du kan prøve i Rindabotn. Har du nokon gong lurt på kva som egentlig er skilnaden mellom ei ski med mykje eller lite innsving, eller ei brei og ei smalare pudderski? På våre sponsorstans er det mogleg å teste begge deler i løpet av dagen.