Skredkveld på Quality Hotel Sogndal 11. desember
Fjellsportfestivalen AS, Intersport Sogndal og Høgskulen på Vestlandet arrangerer skredkveld på Quality Hotel Sogndal 11. desember kl. 18:00. Snøen er komen og festivalen nærmar seg med stormskritt. Då er det på høg tid å oppdatere skredkunnskapen, og denne kvelden kan du lære av folka med den beste kompetansen.
Tema/ program:
Skredfare og varsling
Turplanlegging
Skredepisode i fjor
Kameratredning
Førstehjelp
Program Fjellsportfestivalen
Kahoot med flotte premiar
Vipps gjerne 30 kroner eller meir til Sogn Skredgruppe som inngangsbillett. Vippsnummer: 545263 Alle som vippsar er med i trekkinga av flotte premiar.
Me håpar at så mange som mogleg tar turen innom Quality Hotell Sogndal for fagleg påfyll og god stemning. Dette blir bra!
Link til hendinga på Facebook her
Arrangørar:
Skredgruppa i Sogn og Fjordane
Intersport Sogndal
Høgskulen på Vestlandet
NVE, snøskredvarslingen i Norge
Fjellsportfestivalen
SAMAN
Dei nye friluftsfolka i bygda er særleg velkomne!