Equip Norway AS

Endeleg kan me presentera den nye hovudsponsoren vår, Equip Norway AS, med varemerke Rab!

Me har samarbeida tett med dei i haust, og er glad for at me no kan dela dette med dykk. 

Rab er eit britisk varemerke som er eigd av Equip Norway AS. Den første vara deira vart til i eit lite rekkjehus i Sheffield i 1981, då Rab Carrington fekk namnet sitt på ein dunsovepose. Denne dunsoveposen har gjennom åra utvikla seg til å bli fleire slitesterke produkt, der god kvalitet og haldbarheit er kjenneteikn for varemerket.  

De vil ikkje berre få auge på Rab under Fjellportfestivalen – dei er nemleg med oss i Sogndal Fjellsport heile året. Målet er at me saman skal skapa aktivitet, også på andre arrangement i løpet av året.

Under årets Fjellsportfestival blir det stand, føredrag og filmframvisning. Filmen vil bli vist på storskjerm på Quality Hotel – men også i Rindabotn, dersom du vil sjå han fleire gonger.
For ein prat med Rab, anbefaler med å ta turen innom standen dei har i skitrekket og på hotellet.

Me ser fram til å sjå dykk på festivalen 2023.

Les sak om den nye hovudsponsoren vår i Sogn avis

Forrige
Forrige

UTSOLGT FESTIVAL

Neste
Neste

Ikkje i min villaste fantasi