Duell utfor

med Lurkarlaget

I Duellutfor blir det eit heftig kappløp der spenninga når nye høgder! Dette er ein utfordrande konkurranse der deltakarane køyrer side om side for å snirkle seg gjennom portar og kome først ned til mål.

Duellutfor finn stad laurdag 21. februar kl. 11.00 frå toppen av svarteløypa ved Rindabotn. Her køyrer vi heat med fem deltakarar om gongen, avhengig av kor mange som er påmelde. Førstemann ned går vidare til neste heat, heilt til vi står att med ein vinnar – så her er det mykje prestisje å hente!

Alle påmelde får tildelt starttid for sitt heat, så det er viktig at deltakarane møter presis. Fristen for påmelding er fredag 20. februar kl. 23.00. Meld deg på for sjansen til å vinne kule premiar og oppleve ein dag fylt med adrenalin og moro!

Oppmøtestad: Bratthenget i Rindabotn, Sogndal skisenter

Aktivitetsstart: Laurdag kl. 11:00

Premieutdeling: Botnen av bratthenget i Rindabotn ved målbue

For deltaking i konkurransen

Oppmøtetid: Kl. 11:00.

Krav: Deltakar må vera eldre enn 16 år. Påbud om hjelm og ryggbeskyttar/sekk.

Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:

Lurkarlaget: nestleiar@lurkarlaget.no

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Forrige
Forrige

Afterski Lars Bond

Neste
Neste

Rindapride