Mia & Jesper
Foredrag
Mia og Jesper er eit ungt norsk-svensk par som dei siste åra har brukt vintrane på å utvikle seg innan brattkøyring – ei krevjande og risikofylt form for frikøyring i alpint terreng.
I fjor, etter å ikkje ha kome inn på studiar, tok dei eit val få på deira alder gjer: Dei kjøpte ein varebil, bygde han om sjølve og flytta inn. Seks månader vart tilbrakte på vegen i Alpane, med mål om å køyre så mykje bratt terreng som mogleg.
Berre to sesongar tilbake hadde ingen av dei drive med nokon form for brattkøyring. På kort tid gjekk dei frå å vere nybyrjarar i disiplinen til å køyre fleire markante linjer i Alpane. I dette foredraget deler Mia og Jesper erfaringane sine med korleis det er å starte innan denne sporten. Dei fortel om reisa bak utviklinga deira og forklarar kva ein bør tenkje på dersom dette er noko ein sjølv har lyst til å prøve. Dei gir innsikt i prosessen bak val av linjer og snøforhold, og reflekterer over kva for feil dei har gjort undervegs. Dei deler òg opp- og nedturar ved å bu i ein liten bil over ein så lang periode – på vinteren.
Foredraget er ei forteljing om målsetjing, læring og ansvar i bratt terreng – og om kvifor ein enkel varebil i Alpane kan vere eitt av dei mest effektive verktøya for å finne god skikøyring.
Oppmøtestad: Dalalåven, Rindabotn, Sogndal Skisenter
Aktivitetsstart: Fredag kl. 13:00-13:45
Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:
Emma Kristina Kolnes, Program og bookingsjef
Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26