Hotdog Race

med Lurkarlaget

Hotdog Race er ein spektakulær konkurranse der målet er å få det til å sjå ut som om ein har mista kontrollen totalt. Arrangementet er inspirert av nokre av dei første freeski-arrangementa frå 60- og 70-talet, som handla om å finne ut kven som var den beste skikøyraren. Difor må vi sjølvsagt arrangere konkurransen under Fjellsportfestivalen i Sogndal!

Konkurransen startar frå øvste gapahuk og nedover mot heisen parallelt med raud løype. Deltakarane køyrer ein og ein ned bakken i full fart, med planlagde «fall», kreative stunt og imponerande redningar. Dommarpanelet vurderer både stil, publikumsreaksjonar og kostyme, så kle deg i det mest fargerike eller galne antrekket du har!

Nede ved botnen av bakken blir det grilla pølser, heilt gratis for alle deltakarar. Meld deg på for sjansen til å vinne kule premiar – eller kom og sjå på dette fantastiske showet!

Oppmøtestad: Ta holentrekket og møt opp i øvste gapahuk, Rindabotn, Sogndal skisenter

Aktivitetsstart: Fredag kl. 11:00

Premieutdeling: I botnen av løypa (ved grillinga)

For deltaking i konkurransen

Oppmøtetid: Kl. 10:45 for registrering.

Krav: Born under 18 år må ha følgje med vaksen over 20 år.

Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:

Lurkarlaget: nestleiar@lurkarlaget.no

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Forrige
Forrige

Møt generalsponsor Rab i Hodlekve

Neste
Neste

Afterski Lars Bond