AFTERSKI OG RESTRIKSJONSFRI

Afterski - DJ Dan - BÅÅÅV - The Rebels- DJ Wormiii- LØS

Fjellsportfestivalen er tilbake med full styrke slik me alle kjenner den frå tida før pandemien.

Det betyr også full trøkk innandørs som tidlegare år. Sosialt, fest, moro og stinn brakke på afterski i Dalalåven både fredag og laurdag.

Ja du las rett, afterski!

Det som er blitt definert som hjartet i festivalen, Fjellsportkveldane med foredrag, konsertar, DJ Dan med meir, på festivalhotellet Quality Hotel Sogndal er tilbake og programmet er spikra. Heilt fantastisk.

Velkomen

Tidspunktet kunne ikkje vore betre, og skal ein tru festivalsjef Kamilla Marifjæren, så var det i grevens tid. Skuldrane til festivalsjefen er mange tonn lettare no etter Støre droppa det blå sløret, og meteren no berre er atterhalden metervis med djup laussnø i sogndalsfjedli.

– Frisleppet på restriksjonane betyr alt for Fjellsportfestivalen. Det er dette me alle har håpa på skulle skje. No kan me endeleg slepp håret heilt laust. Me har stått på med motet oppe når me har planlagt festivalen, og dette har tent seg. Me gleder oss stort no når me kan ynskje alle med festivalpass velkomen til oss, seier ein svært letta festivalsjef.

Snart utselt

Sjølv med restriksjonar har salet av festivalpass gått utruleg godt. Og no siste dagane har salet verkeleg teke heilt av. Vil ein vera med på årets festival bør ein ikkje drøye for lenge.

– Det har vore nervepirrande og litt ekstra stress i ein ellers så travel kvardag. Me har hatt håpet heile vegen, men har halde att. Me har ikkje turt å sleppa festivalpass for å riskere å måtte refundere dei att. Eller glede med eit program som aldri hadde blitt noko av. Men no var det utruleg godt å endeleg få sleppe programmet. Og ja, det er faktisk sant, me er allereie på oppløpssida når det gjeld sal av festivalpass det nærmar seg styggfort 80 prosent selde pass. Tempoet me no sel i har me aldri gjort før, hevdar Kamilla.

Torsdag

Og rekordsalet har skjedd før ein i det heile har slept laus dei store trekkplastera. Marifjæren listar opp det som skal skje innandørs:

– Om me skal ta det frå torsdagen av så startar det heile med som tidlegare annonsert føredrag, strikk og drikk, Fjellsportbasar, bruktmarknad og Fjellsportkveld sjølvsagt. DJ Wormiii spelar opp nede i Soho på kvelden. Han er ein DJ med hugleik for elektronisk særs dansbar musikk. Han har lova oss allsang med djup bass og house vibbar. Så allereie Torsdagen kan ein få rista laust ømme lårmusklar ut på kvelden.

Fredag

Fredagen er dagen då det verkeleg tek av, med eit tettpakka program. Og det heile byrjar med eit brak!

– Det er berre heilt fantastisk å få ynskja velkomen til den legendariske afterskien til DJ Dan på Dalalåven. Skisenteret tømmer garasjen, me fyller på att med festivaldeltakarar, og skrur opp musikken. Det vert som tidlegare år DJ Dan som løftar taket. Han treng ikkje nærmare presentasjon enn som den legenden fra Hemsedal han er.

Seinare på kvelden vert det føredrag, ølsmaking, Fjellsportkveld, Fjellsportkviss og konsert, seier ein oppglødd festivalsjef.

Ho utdjupar:

– Me har fått med oss dei lokale legendene i BÅÅÅV frå Leikanger, bandet er plateaktuelle med nytt album i mars, og dette vert ein releasekonsert. Det blir berre heilt magisk. BÅÅÅV har gjort legendekonsertar både i Sogndal i 2007 og spesielt på Fresn i 2009, som folk snakkar om den dag i dag. No kjem dei til oss, utruleg men sant. Orkar ein meir så køyrer DJ Dan på med runde nummer to, og det blir både sveitt, høgt, allsang og damp i Soho i klassisk afterski-stil. Det blir nok ein av årets største festkveldar i Sogndal.

Laurdag

Laurdagen vert ikkje noko kviledag det heller, tvert i mot. Afterskien når nye høgder i Dalalåven, den startar forøvrig kl 15.30 begge dagar, og går fram til 18.30

– Laurdagen blir atter ein gigantisk festdag. Afterski i Dalalåven. Konsert med The Rebels, frå Oslo, og Dj Erlend Hovland som har med seg LØS som er eit Sogndalsbasert klubbkonsept med fokus på elektronisk musikk og gode vibbar. Begge to i konseptet er eks-sogndalstudentar og spelar variert elektronisk musikk med alt frå funk, disco og techno og sjølvsagt nokre slagerar.

Festivalsjefen trekk pusten og avsluttar med at det er ei stor glede og kunne opne alle sluser att.

– Eg har ein fantastisk gjeng med meg i ryggen, som saman har stått på for å få spikra alt på plass. No er det meste klart, og kun det praktiske står att.

Me har hatt tidenes snøsesong så langt, og den er nok ikkje over endå. Meir laussnø er meldt, og det blir nok ein festival for bucketlista.

Me gler oss og me er klar.

Forrige
Forrige

Utseld festival

Neste
Neste

Friflyt: Elleville snøforhald i Sogn: – Noko av det djupaste eg har køyrt nokon sinne