Utseld festival

Fjellsportfestivalen er utseld for festivalpass

Søndag forsvann dei siste festivalpassa til Fjellsportfestivalen 2022. – Eg er sjølvsagt glad for at så mange så sterkt ynskjer seg til festivalen, seier festivalsjef Kamilla Marifjæren.

Men festivalsjefen er også litt trist fordi ho veit at det er mange som vil oppleva heile Fjellsportfestivalen, som no ikkje får kjøpt festivalpass.

-Eg fekk tidleg ei god kjensle av at me ville verta utselde, men at det skulle gå så raskt hadde eg ikkje drøymt om, seier Kamilla."

-Kva seier du til dei som no ikkje har sikra seg pass, men vil på Fjellsportfestivalen?

-Alle som vil kan få oppleva den gode festivalstemninga. På arrangementa utandørs har me ingen antalsbegrensningar, og Fjellsportfestivalen er først og fremst ein utefestival i bratt vinterlandskap. Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i denne moroa. Fjellsportfestivalen var den siste festivalen som vart arrangert i landet før koronapandemien kom og landet vart stengt ned i 2020. Fjellsportfestivalen er også den første festivalen i 2022 som vert arrangert i full breidde etter at landet vårt vart gjenopna.

-No ligg alt til rette for at vi skal få laga ein super festival! Eg er sikker på at dette vert heilt knall, seier festivalsjef Kamilla Marifjæren.

Sjekk programmet til festivalen her

Forrige
Forrige

Betydeleg skredfare – unngå dei brattaste fjellsidene i vinterferien

Neste
Neste

AFTERSKI OG RESTRIKSJONSFRI