Lyst på jobb i Sogn? Eller har du ein ny idé?

Møt lokale bedrifter og gründerar torsdag 22. februar - i ei hyggeleg setting med tapas og mingling.

Vi har satt opp ein minglemiddag, for å vise kva næringslivet i Sogn kan tilby. Vi vil ha fleire flinke folk til Sogn, og håper du ønskjer å finne deg ein spennande jobb – eller har ein gründer i magen. Dette er heilt uforpliktande, men ein fin måte å skaffe gode kontaktar.

Alle bedrifter og gründerar vil kort presentere kva dei jobbar med, før det blir tapas og mingling. Ta med deg ein venn og prat med hyggelege sogningar.

Dette skjer torsdag klokka 17.00 på hotellet. Registrer deg her slik at vi kan beregne mat. Og du, det er lov å komme i skiklede!

Sjå kva bedrifter som kjem.

Jobbe i Sogn? Lyst å stå på ski før og etter jobb? Det gjer vi i Sogn! FOTO: Tore F. Lie / Falkeblikk

Jobbe i Sogn? Lyst å stå på ski før og etter jobb? Det gjer vi i Sogn! FOTO: Tore F. Lie / Falkeblikk

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fortsatt ledig plass på guida turar

Neste
Neste

Skibussen køyrer innom Dampskipskaien