FJELLSPORTFESTIVALEN 2021

IMG_3120-kopi.jpg

Annleisåret 2020 har gjort det vanskeleg for mange å gjennomføre arrangement som normalt. Skal vi tru spådomane vert 2021 òg eit år som skil seg frå tidlegare. Men FJELLSPORTFESTIVALEN vert arrangert som vanleg! 

Vi tek sjølvsagt omsyn til dei smitteverns-føringane som er på tidspunktet for gjennomføringa av festivalen. Likevel kan vi love kjekke aktivitetar og god stemning i Sogndal 24. - 28. februar 2021! Vi må tenke nytt, men nytenking er bra og festivalen blir garantert like kjekk som den har vore før! 

 Meir informasjon om billettsal og program vil komme etter kvart! 

Len deg tilbake, lengt til snøen og vinteren, følg med på SoMe og heimesider, og sist men ikkje minst:

DU KAN begynne Å GLEDE DEG TIL FJELLSPORTFESTIVALEN 2021! 

Forrige
Forrige

FJELLPITCH 2021

Neste
Neste

Fjellsportfestivalen - epilog