Fjellsportfestivalen - epilog

RindabotnArena_Tim Maarten Riesen-1 (13).jpg

Fjellsportfestivalen 2020 er over for denne gong og tørr vi påstå at det har vore den beste festivalen nokon sinne? Mykje tydar på det. Vi har hatt nokre fantastiske dagar i Rindabotn med flotte menneske som har skapa gooood stemning. Snøen har lava ned og vi har kosa oss i laussnøen. Vi starta det heile med opningssermoni i ettermiddagssola på Dampsskipskaien med song, tale og spenstig dødsing. Etter dette har det gått slag i slag med aktivitetar både på hotellet og i Rindabotn.

Vi har sett luftige svev i quarterpipen, smakt på konkurranseinstinktet saman med gjengen i Rindarando, forsøkt å sjå bakken ned saman med skikøyrarane i Duellutfor, ledd av blaute plask og morsome triks på Bula Pond Skim og ikkje minst så har fistpumpen fått slått frå seg på Afterski i Dalalåven.

På hotellet har vi fått brynt oss på Fjellsportkviss frå ein av Sogndal sine sagnomsuste quizjegarar, høyrt på mange interessante føredrag om alt frå telting med småbarn, til konsert på Mount Everest med saksofon, til korleis ein lagar ein toppturhjem, i tillegg til konkurransar og morro på Fjellsportkveld og ikkje minst hatt håp om å vinna feite premiar tradisjonsrike Fjellsportbasar.

Frå scena har vi ledd oss skakk av skamlause Kevin Kildal, latt rockefoten rykka til Black Dabbath og sunge med , med White Man Dancing.

Som om ikkje alt dette var nok, avslutta vi Fjellsportfestivalen med strålande sol og knitrande laussnø på søndagen.

Vi har teke ein prat med dagleg leiar Stian Hofslundsengen for å høyre litt kva tankar han har om årets fjellsportfestival.

stian.jpg

Korleis vil du oppsummera fjellsportfestivalen?

Fantastisk! Snøen kom som bestilt, ingen større skader, programmet traff godt, folk hadde det kjekt og det hadde arrangørane og.

Kor mange pass var selde, kor mange deltakarar var det?

Vi satte ny rekord i år og! Grunna utvida kapasitet på hotellet og i Dalalåven hadde me i år moglegheit å sleppa til litt fleire, men me solgte likevel ut. Vi valde og å åpna opp for nokre få kveldspass på laurdagen, desse vart utselde på to minutt. Det er utruleg kjekt å sjå at festivalen er så populær! 

Det har vore mange frivillige i sving, kor viktige er dei for festivalen?

Utan dei frivillige kunne vi ha lagt opp før vi starta, det hadde ikkje vert vits! Vi har frivillige på alle nivå, heilt frå dei som legg inn over 100 timar til dei som som jobbar minimumsantall. Alle er utruleg viktige! Vi har eit utruleg aktivt folk her i Sogndal og folk er gira på å få ting til. Dette gjer jobben min enkel, då eg ved fleire høve har folk som kjem til meg å spør om å få jobba frivillig.

Kva høgdepunkt under festivalen vil du trekka fram?

Eg vil seie heile festivalen samla er eit stort høgdepunkt her i bygda vår. Men eg må seie at det var utruleg kjekt å sjå kor godt fleire av arrangementa som kom ut av samarbeidet vårt med HVL (Skliskyting, vinterglede for nye landsmenn, jibbeskule for lokal ungdom osv.) 

Korleis tilbakemeldingar har du fått om festivalen i etterkant?

Dette er jo noko av det som er kjekkast med å arrangere festival! Eg har så godt som berre fått positive tilbakemeldingar på festivalen, mykje under festivalen frå glade festivaldeltakarar og mykje etter, både frå deltakarar og frå foreldre som seier at borna deira har snakka mykje om kor kjekt dei hadde det på festivalen i år. 

Kva vil du seie til dei som ikkje var der og lurer på om dei burde ta turen til neste år?

Eg vil be dei sjekke ut facebooksida vår der det dagleg no etter festivalen kjem ut filmar som vart produserte for festivalen av Veri Media. Der er det enkelt å sjå kva moglegheiter og kor stas ein kan ha det her på Fjellsportfestivalen! 

Forrige
Forrige

FJELLSPORTFESTIVALEN 2021

Neste
Neste

Laurdagens blinkskot - kveld