DJ Strøm
Eppel bar
DJ John Erik Strøm har vore DJ i yrket i ein mannsalder, og er meir aktiv enn nokon gong. Han reiser rundt med sitt komplette lyd- og lysanlegg, og gjer DJ oppdrag på events, kickoff, julebord, bryllaup, 30-70 års lag og Afterski. Méd si lange fartstid så har DJ Strøm opparbeidd seg mange tilfredse faste kundar på CV-en sin. I dag blir han også nytta flittig som speaker på ulike idretts arrangement. Strøm har 8 års fartstid som programvert og teknikkar i Radio Prime Halden, og 18 år som fritidsleiar med barn og ungdom. I dag jobbar han i skule i miljøteam.
Medan DJ Strøm spelar og set stemninga for kvelden, inviterer vi til Fjellsport Alumni - ei sosial samling for gamle festivalvener.
Fjellsportfestivalen Alumni er ein sosial møteplass for dei som har vore ein del av Fjellsportfestivalen gjennom mange år – den erfarne generasjonen som var med då festivalen tok form og fjellgleda vart delt på litt andre premiss enn i dag.
I baren kan ein kan mimre, dele skrøner og gode historier frå festivalen, fjella våre og opplevingane som har sett spor.
Dette arrangementet er for gamle kjenningar, som vil halde tradisjonane, minna og fjellgleda levande.
Oppmøtestad: Eppel bar, Quality Hotel
Aktivitetsstart: Laurdag kl. 23:00-02:00
Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:
Emma Kristina Kolnes, Program og bookingsjef
Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26