DJ Third Attempt

Eppel bar

Som DJ stiller Third Attempt med treffsikkert, lyttevennleg materiale, side om side med eigne produksjonar.

Alt innan house, funk, disco, soul med klubbete særpreg. Han er aktuell med ei rekkje album og utgivingar, mellom anna på UK-baserte Disco Express og Beatservice Recordings. Store planar for 2026.

For lyttarane og dansarane der ute. Dette er ein electronica-opplevelse utanom det vanlege.

DJ Third Attempt spelar for oss heile veka og du vil høyra han på opningsseremonien og i skisenteret! I tillegg spelar han i Eppelbar på fredagen!

Medan DJ Third Attempt spelar og set stemninga for kvelden, inviterer vi til Fjellsport Alumni - ei sosial samling for gamle festivalvener.

Fjellsportfestivalen Alumni er ein sosial møteplass for dei som har vore ein del av Fjellsportfestivalen gjennom mange år – den erfarne generasjonen som var med då festivalen tok form og fjellgleda vart delt på litt andre premiss enn i dag.

I baren kan ein kan mimre, dele skrøner og gode historier frå festivalen, fjella våre og opplevingane som har sett spor.

Dette arrangementet er for gamle kjenningar, som vil halde tradisjonane, minna og fjellgleda levande.

Oppmøtestad: Eppel bar, Quality Hotel

Aktivitetsstart: Fredag kl. 23:00-02:00

Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:

Emma Kristina Kolnes, Program og bookingsjef

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Forrige
Forrige

DJ Strøm

Neste
Neste

Utstyrsdemo i skisenteret