Fjellpitch

2026

Oppmøtestad: Sogndalssalen, Quality Hotel

Aktivitetsstart: Torsdag kl. 15:00-18:00

Har du ein knallgod idé du drøymer om å dela med verda? Kickstart gründer-karrieren din på Fjellpitch.

Fjellpitch er ein konkurranse der du får pitche din beste gründeridé. På berre sju minutt må du formidle din idé og forhåpentleg overtala både jury og publikum om at ditt konsept er konkurransens beste. Blir du med som publikum får du ikkje berre høyra på inspirerande pitchar men også høve til å avgjera resultatet! 

Publikumsinformasjon:

Som publikum vil du få oppleve eit inspirerande og intenst arrangement med mogelegheit til å stemme fram din favoritt! 

Det er viktig å understreke at Fjellpitch er eit lågterskelarrangement, der alle med ein forretningsidé kan melde seg på. Om du ikkje er den som vinner premien for beste idé, er sjansen stor for at du sit igjen med ein god erfaring og nyttige tilbakemeldingar på din idé. 

Det er ikkje uvanleg at ein er usikker og nervøs på om idéen sin er god nok. I denne pitchekonkurransen søkjer du om påmelding, og dersom du får moglegheit til å delta i konkurransen, vil du få rådgjeving og hjelp til å utvikle ein god pitch til idéen din. 

Om du sitter med ein idé du kunne tenke deg å få «ut der», hiv deg ut i det og meld deg på!

Påmelding

Påmelding skjer over nyttår!!

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Forrige
Forrige

Fjellsportfestivalens basar

Neste
Neste

Foredrag Anne Lindmo