Anne Lindmo
Foredrag
Me vart kjende med henne som talkshowdronninga i fredagskvelden på NRK, no har Anne Lindmo parkert finskoa og trivst best med turstøvlar, stegjern eller ski på beina og med fjell, vidde og skog i sikte.
I vinter følgde over ein million sjåarar med då ho som einaste deltakar i tv-serien “Ekspedisjonen" gjennomførte toppstøyten på Mount Denali. Til Fjellsportfestivalen kjem Anne med forteljinga om friluftslivet sitt, ho starta som ein småredd tur-amatør, gjekk gradene og lærte seg å meistra gradvis meir avanserte høgalpine øvingar før ho i løpet av eit år trena seg opp til å klatra opp på eit av verdas kaldaste og mest ugjestmilde fjell.
Velkommen til eit inspirerande og underhaldande foredrag, om mot og meistring, om dødsangst og livsgneiste, lagånd og turfellesskap.
Ein må ha festivalpass for å få inngang!
Oppmøte stad: Dalalåven, Rindabotn, Sogndal Skisenter
Aktivitetsstart: Fredag kl. 12:00-12:45
Kontaktinformasjon aktivitetsansvarlig:
Emma Kristina Kolnes, Program og bookingsjef
Lat oss laga minner saman🚀 #fjellsportfestivalen26