Whammyboy

Konsert

Whammyboy (Noah Johansen) har så langt sleppt ni eigenutgitte singlar og ein EP som har fått overstrøymande meldingar både innanfor og utanfor landegrensene.
Han blei plukka opp av Made Management (AURORA, Sigrid, SKAAR m.fl.) eit par singlar ut i karrieren, og sidan den gong har den no bergensbaserte mossingen jobba seg opp eit namn både som liveartist og ikkje minst som låtskrivar og produsent – både for seg sjølv og andre. Han har turnert på klubbscener og festivalar i mellom anna Noreg, Tyskland og England, blitt nominert til Månadens Urørt, og blitt hylla på BBC Radio One ved fleire høve ("So good! Just ultimate vibes, so uplifting, pure joy. That is Whammyboy ‘Chop It’ on your Future Artists this evening”). Singelen ‘Like We Used To’ har åleine over éin og ein halv million avspelningar på Spotify, og nyleg blei det annonsert at to av låtane han var med på å skrive og produsere saman med Sigrid blir med på hennar kommande album.

Etter ein periode der Whammyboy har brukt tida på å skrive og produsere musikk både til seg sjølv og andre artistar, var han no klar for å sleppe noko som nesten kan reknast som ei ‘comebacksingle’. ‘Forever’ vart sleppt på det nystarta labélet Made Music (eit underselskap av Made Management) den 31. oktober i haust.

Whammyboy gjer som vanleg ALT sjølv på denne songen – det vil seie all instrumentering, vokal, programmering, produksjon og miks. Det er ikkje så lett å definere det musikalske uttrykket til den unge artisten, all den tid han har brukt på å utforske ei mengd ulike sjangrar. Rammeverket vil alltid vere elektronisk dansemusikk, men både psykedelika, 80-talspop og indierock kan sporast i låtmaterialet hans. Fellesnemnaren er at Whammyboy ikkje er redd for å vere skamlause catchy; noko som i aller høgste grad òg merkast når ein lyttar til ‘Forever’.

Utgivinga markerer starten på ein ny serie med singlar frå Whammyboy, og vi kan vente både ei EP og eit album i ei ikkje altfor fjern framtid

Oppmøtestad: Fjordsal, Quality Hotel

Aktivitetsstart: Lørdag kl. 22:00-23:00

Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:

Emma Kristina Kolnes, Program og bookingsjef

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Forrige
Forrige

Foredrag Anne Lindmo

Neste
Neste

Foredrag psykolog med sovepose