Rabbagast

Open

2026 

Endeleg er det klart for at kidsa får vise fram dei råaste triksa sine! Bli med på Rabbagast Open, og hei fram framtidas skikøyrarar!

Rakkar Open har vore ein suksess i mange år, og dei siste fire åra har vi også arrangert Rabbagast Open – ein skikonkurranse for dei minste. Dette blir ein uhøgtideleg konkurranse der løparar opp til 16 år kan vise fram dei råaste knepa sine i Rindabotn. Det blir maks plass til 20 deltakarar.

Obligatorisk løparmøte for alle deltakarar kl. 09.45 ved SGN-standen utanfor Dalalåven. Rennstart kl. 10.30 frå toppen. Det blir moglegheit for gjennomkøyring frå kl. 10.00 til 10.30. For deltakarane i Rabbagast Open blir det eitt run, og medaljeseremoni i målområdet etter at siste løpar har køyrt.

Som vanleg blir alle deltakarar oppmoda til å stille opp for å grave hopp osv. i forkant av arrangementet 

Oppmøtestad: Kalven, Rindabotn

Obligatorisk løparmøte: Kl. 09.45 ved SGN sin stand utanfor Dalalåven

Aktivitetsstart: Lørdag kl.10:30

Meld deg på

Billettane vert slopne torsdag 12. februar kl 12:00. Gratis arrangement. Førstemann til mølla!

Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:

SGN skis v/Are Moníz Wergeland

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Tilbake til programmet
Forrige
Forrige

Rakkar Open

Neste
Neste

Sidersmaking med Ølmheim siderhage