Rakkar

Open

2026 

Festivalens mest luftige og spektakulære konkurranse er tilbake! Gled deg til heftig køyring og mykje moro på Rakkar Open!

Vi er klare for eit av sesongens høgdepunkt – Rakkar Open i Sogndal Skisenter. Rakkar Open er ein konkurranse for deg som diggar ville triks og luftige svev på ski! Historisk sett har det vore eit svært høgt nivå på Rakkar Open, så det blir nok moglegheit til å sjå skikøyring på toppnivå. Arenaen blir Rindabotn, og i år er det plass til 30 deltakarar fordelte på herre- og dameklasse.

Obligatorisk løparmøte med gjennomgang av dommarkriterium etc. kl. 11.45 utanfor SGN-standen ved Dalalåven. Rennstart kl. 12.15 frå toppen. Løparane køyrer i ein «jam-session» og har 90 minutt til å vise dommarane kva dei er gode for. Kåring av vinnar og premieutdeling blir på Fjellsportkvelden på Quality.

Som vanleg blir alle deltakarar oppmoda til å stille opp for å grave hopp osv. i forkant av arrangementet. 

Oppmøtestad: Kalven, Rindabotn

Obligatorisk løparmøte: kl. 11:45 ved SGN sin stand utanfor Dalalåven

Aktivitetsstart: Lørdag kl. 12:15

Meld deg på

Billettane vert slopne torsdag 12. februar kl 12:00. Gratis arrangement. Førstemann til mølla!

Kontaktinformasjon aktivitetsansvarleg:

SGN skis v/Are Moníz Wergeland

Lat oss laga minner saman🚀 Bruk #fjellsportfestivalen26

Tilbake til programmet
Forrige
Forrige

Ungdomstorsdag med SGN

Neste
Neste

Rabbagast open